LARK: Smedsvig Landskapsarkitekter AS
Oppdrag: Lindås kommune

Lindås kommune har i fleire år arbeidd med utviklinga av regionsenteret Knarvik gjennom utarbeiding av områdeplan for Knarvik sentrum.

Kvalitetsprogrammet vektlegg grøn struktur, siktliner, og ein tydeleg kvartalsstruktur som er broten av ei stor og flott Allmenning som bind saman dei blå kvalitetane i sør med dei grøne i nord. Dette, og resultata frå oppstartseminaret saman med Knarviks innbyggare, er utgangpunkt for konseptet URBAN NATUR.
Urban natur skal styrke Knarvik sin identitet gjennom løysingar kor auka kvalitet i byromma saman med lokalt særpreg ligg til grunn i
utforming og utvikling av Knarviks nye sentrum. Stolhet over Knarviks identitet skal gjerast synleg. Målet er både å finne, skape og styrke identitet og stedstilhørighet.

Lyskonseptet forsøker å skapa ei kjensle av ei omsluttande og samanhengande urban vev om kvelden. Om dagen skal master og utstyr
komplimentere den naturlige omgjevnaden. Lys kan gi denne visjonen en eigen presentasjon og tyding etter mørkrets frambrudd.

Sceneskifte når mørkret fell på – Transformasjon med lys.
På dagtid er Knarviks identitet dominert av sterke bånd til, og nærvær av naturen. Dei grøne og blå kvalitetane visast fram av naturleg lys og gjer Knarvik til ein stad djupt forankra i si naturlige omgjevnad.
Om natta, og i mørkret om vinteren, vil Knarvik forvandlas når kunstig lys tennast. Då vil Knarvik forvandlast til ein pulserande urban by. De overveldande naturlige element forsvinn i mørkret, og fokuset går til det nye sentrum. Merksemda er no gjedd til fotgjengarar si oppleving i byrommet, og her ynskjer ein å skapa ei sterk kjensle av stad og identitet.